Utenlandsstudentar

Studentar som har studert eller studerer i utlandet.

Me har intervjua ein elev som er i Wales nå, og ein elev som var i Japan i fjor. Begge har gått på Bømlo Vidaregåande.

Etter å ha satt opp diverse spørsmål, kontaktet me dei gjennom Facebook, og dei var mer den villige til å delta på intervjuet vårt.

Elisabeth Urang er i Wales i år, og gjekk første år Studiespesialisering på skulen vår.

Korleis har det vert og studera i eit anna land enn Norge?

- Det å studera i eit anna land enn Noreg har vore ein givande opplevelse, på både godt og vondt!

Korleis var det å tilpasse seg til Wales? 

- Wales var annerledes enn forventa, men det har stort sett gått veldig bra, sjølv om kulturen er noko anna enn kva eg er vant med.

Blei du fort kjend med folk i klassen din?

- Eg blei veldig snart kjend med folk i klassen min, spesielt sidan eg reiser saman med andre nordmen. Eg henger også mest med dei.

Snakker du berre Engelsk? Eller er det og andre norske elevar der?

- Eg snakker minst like masse norsk som engelsk, så engelsken min har egentleg ikkje forbedra seg så mykje.

Korleis er ein vanleg dag for deg? Er det veldig forskjellig ifra Norge? Korleis er fritida?

- Ein vanleg dag for meg består av eit par timar skule, etterfulgt av anten trening eller ein tur på ein Café med venner. Det skjert stort sett alltid nåke, så fritida er veldig nnholdsrik.

Studere du nåken spesielle fag som me ikkje har her på Bømlo?

- Eg studerer psykologi som eit av faga mine. Det er noko eg ikkje kunne ha gjort heime på Bømlo Vidaregåande.

 

Isabell Sagvaag studerte i Japan i fjor, og går nå tredje år Studiespesialisering.

Korleis var det og vera i eit frammad land, og venne seg til korleis dei hadde det der?

- Det var vanskeleg i byrjinga, men ett der fyrste månaden vart det ein vane. Det vanskligaste var språket.

Tok det lang tid for deg å tilpasse deg korleis dei hadde det?

- Etter cirka ein månad hadde eg vendt meg til det meste, men kvardagen vart ikkje "vanleg" for meg før slutten av året, etter cirka 7 månader.

Var det hardt og reise der i frå og komme heim til Norge igjen?

- Det var herlig å komme heim. Eg sakna Noreg, men det var litt vanskelig å sei farvel til vennene mine og verstfamilien.

Kva studerte du når du var i Japan?

- Japansk språk og kultur.

Kva fag hadde du der?

- Eg hadde vanlege allmennfag som mattematik, moderne japansk, klassisk japansk, kunst og handverk, musikk, japansk historie, samfunnsfag, heimkunnskap og gym.

Var japansk eit vanskeleg språk?

- Nei, dei har veldig lette uttalelser når dei snakkar. Det einaste som var vanskeleg var skriftspråket. Dei har tross alt tre forskjellige alfabet.

Var det noko av det du lærte der nede som har, eller kan, komma til nytte den dag idag?

- Eg har bestemt meg for å bli tolk, så det komme til godt nytte at eg kan japansk. Eg har også blitt meir open til nye folk og meir vågal.

Kva var det som gjorde at du fant ut du ville studera japansk?

- Eg ville studere til å bli CGI animatør innan motion capture, og ville då studera i Japan., men for å studere animasjon der må ein kunne språket. I tillegg vil eg utdanne meg som tolk der Japansk er eit av dei språka eg utdjupar meg i.

Kunne du tenkt deg og gjort det igjen?

- Ja, men kanskje med andre nordmenn. Venner, familie eller kjærast. Det vart fort einsamt i byrjinga.

Me takkar både Elisabeth og Isabell for at dei ville svara på spørsmåla våre!