Velkomen til Bømlo vidaregåande skule


Informasjonsteknologi

 

Gjennom programfaget ”Informasjonsteknologi” skal den enkelte få erfaring med bruk av moderne teknologi og relevante utviklings­verktøy, og korleis sammensmelting av data-, lyd- og bildeteknologi kan gje rom for spennande og skapande bruk av teknologien.

 

Opplæringa i faget legg vekt på å konstruera It-løysningar, og informasjonsteknologi er derfor på mange måtar eit praktisk fag. Programfaget informasjonsteknologi er eit realfag og det gjev dermed realfagspoeng. Faget har også sterke koplingar til mediefag, samfunnsfag, økonomi, språkfag og formgjevingsfag. Programfaget kan derfor gje eit godt grunnlag for studium innan ulike fagområde og for vidareutvikling av kompetanse i yrkeslivet.

 

Programfaget gjev trening i kreativ tenking, problem­løysning og innsikt i korleis informasjon i form av tal, tekstar, bilete, grafikk, film, lyd og ani­ma­sjonar kan produserast ved hjelp av datamaskinar og anna digitalt utstyr.

 

Samfunnet treng folk som kan forstå, utnytta og vidareutvikla informasjonsteknologien, men samfunnet treng og kunnskap om kva teknologien gjer med menneske og samfunn. Informasjons­teknologien gir muligheiter for å laga heilt nye produkt og tenester gjennom kreativitet og samarbeid over faggrenser

 

Informasjonsteknologi består av to programfag: Informasjonsteknologi 1 og

Informasjonsteknologi 2.

 

NB: Faga er bygd opp slik at dei kan veljast uavhengig av kvarandre. Dei har gj.sn.5t/v 

Programfag

Hovudområde

Informasjonsteknologi 1

Digital samtid

Nettstader og multimedium

Databasar

Informasjonsteknologi 2

Planlegging og dokumentasjon

Programmering

Multimedieutvikling

Ressursar: http://www.it-1.no og http://www.it-2.no